| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | RØYSUM

Røysum, Leikanger k.

600,- NOK INKL MVA

8,6 cm, bronse. Fuglenål,
folkevandringstid.

Kjøp eit stykke soge på e-post:

post@arkeoreplika.no, eller ved

eit utsal.

 

 

Nåla er ein 1:1 replika av ei fuglenål frå Røysum. Folkevandringstida (400-570 etter Kristi føding) var ei tid med vekst og ekspansjon, langs Sognefjorden som elles på Vestlandet. Særskilt viser dette seg i særs rike kvinnegraver i Indre Sogn. Desse kvinnene har draktsmykke i bronse, sylv og gull, med særeigne drag i form og ornament - som arkeologar kallar "Sognegruppa". Dette inneber at det fanst høgt kvalifiserte modellmakarar og metallstøyparar langs fjorden - truleg knytte til særskilt rike hushaldningar på dei største gardane.

Mellom det elles, etter vår smak, prangande kvinnelege draktutstyret, finn me i sjeldne tilfelle små draktnåler med hovud forma som fuglar. Nålene kan ha vorte brukte i kjolen, til å feste eit sjal, eller i hette, slør eller skaut på hovudet. Berre tre slike nåler er funne i Sogn og Fjordane, dei to andre er frå Osen i Bygstad og Kvåle i Sogndal.

 

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av kvinnedrakt frå folkevandringstid, med krossforma bronsespenner frå Sogn og Hordaland.

 

Bird pin from the Migration period (400-570 A.D.), based on an original finding from a burial at Røysum in Leikanger kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad.

Vogelnadel aus der Völkerwanderungszeit (400-570 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus einem grab auf Røysum, in der Leikanger Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

Frå arkeologisk utgraving i 2003 av ei anna kvinnegrav på Røysum - også denne frå folkevandringstid. Her rensar prosjektleiar Søren Diinhoff fram ei relieffspenne (Foto: Ørjan Engedal).

 

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Korleis levde kvinnene i Hermansverk på 500-talet? Korleis såg dei ut? Kva makt hadde dei? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje

eit utsal (her) - og spekuler sjølv!